+47 918 71 792
Tveråvegen 370, N-8658 Mosjøen
Hjem / Personvern

Personvernerklæring

Frå mai 2018 er det eit krav om informasjonsplikt ved innsamling av opplysningar frå personar som registrerar seg på nett (ref. Personopplysningslova § 19).

Denne erklæringa inneheld informasjon om kva opplysningar me hentar inn og korleis dei vert behandla (ref. Personopplysningslova § 18 1. ledd).

Øyfjellet Wind AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar.

På denne nettstaden vert det samla inn persondata gjennom følgjande verktøy:

Kva er ein «cookie»?

Ein cookie – på godt norsk kalla «informasjonskapsel» – er ein teknologi nytta av dei fleste nettstader. Det er ein liten tekstfil som vert lagra på din enhet, og kan innehalde forskjellig informasjon om din bruk av nettstaden, til dømes pålogging, innstillingar, kva sider du besøker og kva lenkjer du trykker på.

Besøksanalyse og statistikk

Google Analytics er eit verktøy for å analysere trafikken på nettstaden vår, levert av Google Inc («Google»). Verktøyet nyttar cookies for å analysere korleis brukaren nyttar nettstaden vår. Denne informasjonen vert lagra på Google sine tenarar i USA.

IP-adresser samla inn av Google Analytics er anonymiserte, og kan ikkje sporast tilbake til brukaren. Les meir om korleis Google handterer data her: policies.google.com/privacy.

Selskapet Byrået Design & Profilering AS har tilgang til våre Google Analytics-data gjennom drift og utvikling av nettstaden.

Nett-fontar

For å sikre ei lik visning av fontar på alle enhetar, nyttar denne nettstaden fontar tilpassa for nettbruk. Når du opnar ei side hos oss, vil nettlesaren din laste inn fontane du treng for å vise sida skikkeleg.

Lokasjonsdata

Nettstaden vår nyttar Google Maps for å vise vår lokasjon. Google Maps kan samle inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse. Denne informasjonen vert lagra på Google sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Videovisning

Me nyttar Youtube/Vimeo for å vise filmar på nettstaden vår. Desse hentar inn informasjon som IP-adressa di, kva nettlesar du nyttar, teknisk informasjon om enheten din og kva tidspunkt du besøker sida. Denne informasjonen vert lagra på Google/Vimeo sine tenarar i USA.

Generelt

Selskapa Byrået Design & Profilering AS og DigitalOcean Ltd. har tilgang til personopplysningar lagra på vår tenar gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden. Personopplysningane som vert lagra på nett-tenaren vår er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden.

For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med:

Aina Nilsen
Prosjektadministrator
+47 416 53 745
aina.nilsen@eolusvind.com